Denne helga har eg og Andreas hatt besøk av Stian, vår felles barndomskompis. Vi har leika krig i skogen, sykla til skulen i 25 minus, drukke brennevinet til bestemødrene våre, spelt femkort, slåss og ellers gjort det ein brukar å gjera saman med kompisar frå fyrsteklasse på barneskulen.
Denne helga byrja fredagen med at Andreas laga fire-retters middag med vinmeny til. Det var utruleg godt og vi blei både gode og mette, men også gode og glade av vinmenyen. Ingen guttekveld er komplett utan eitt slag poker, så vi konsumerte meir vin og spelte poker til vi var salongberusa nok til å gå “all-in” på dei dårlegaste hendene.. Artig lell.
Laurdagen tusla vi ned på Three Lions for å sjå Tottenham vs. Stoke. Den obligatoriske burgeren og øllen blei konsumert mens Tottenham sloss og vant tre poeng på bortebane. Seinare på kvelden var det klart for helgas høgdepunkt: Motorpsycho + Supersilent. Begge banda stod på scenen og ein kan trygt seie at magi oppstod. Eg må nok innrømme at det til tider blei litt langdrygt og overdose av kvit støy, men desse augneblinka var i fåtal. Metafysisk herlegheit, rett og slett.
Søndag avslutta vi helga med å eta middag på Café Bangkok. God mat, hyggeleg betjening og hyggeleg pris. Alt i alt ei utmerka helg: Terningkast 5.