Husomlykkjun

- Syverspace

Archive for the 'life but how to live it' Category

Capoeira helg

I helga hadde gruppa vår besøk av mestre Maclau. Noko som betydde trening i 2.5 timar på fredag, trening i 2.5 time på laurdag og, you guessed it, trening i 2.5 time på søndag. Søndag var det også 10-års jubileum for Trondheimsgruppa. Så vi  hadde lang bursdagsroda, i nye lokaler (I same bygg som Motorpsycho har øvingslokale, og allereie fyrste dagen møtte eg Bent Sæther i døra!). Kjempestemning! Fredag drakk eg ein kompis som skal til New Zealand eit år ut av landet, og laurdagskvelden hadde vi ei lita capoeirasamling. Alt i alt ei perfekt helg, sjøl om eg er trøtt og utslitt i dag..

posted by Husomlykkjun in capoeira,festlegheiter,life but how to live it and have Comments (3)

Take a walk on the wild side..

..Og end opp i pepparkakeland.. Livet har vore ein smule surrealistisk i det siste. Plutselig vil eg ikkje ha stipendiatet eg har gått heile hausten og drøymt om.. Når eg får tilbudet takkar eg nei. Eg kasta rett og slett gullbilletten ut vindauget! Og eg er overbevist om at det er det beste valget eg kunne ha gjort. Eg fortsett i ein “A4 jobb” og håpar i alle fall at eg kan få behalda vetet i nokre år til. Kall det gjerne feigt eller kva du vil. For meg var det eitt av dei tøffaste valga eg har gjort på lengje!

posted by Husomlykkjun in life but how to live it and have No Comments

Switch to our mobile site