Husomlykkjun

- Syverspace

Archive for the 'life but how to live it' Category

Jauda pt. II

Også gjekk det ein månad og eg har fortsatt ikkje holde det eg lova om å blogge ein gong i veka.. Men berre så det er sagt: Eg har holdt dei andre løfta mine, ikkje ille berre det :)

Men som ein seier, ein skal ikkje gi opp berre ein ikkje innfrir med ein gong. Så forsettet er fortsatt gyldigt, og eg innrømmer glatt at eg har behandla alle mine fans på ein dårlig måte ved å ignorera dei fullstendig i vekesvis.

Så, kvifor har eg vore fraværande? Nei si det.. Ingen god grunn eigentleg, anna enn at det var mykje å gjera på i løpet av januar. Mykje budsjett og årsrapportar og lignande som skulle fiksas for Capoeirastyret, ein del jobb med å ferdigstilla artikkelen min for publisering (Den er no akseptert og vil bli publisert i “Plant Ecology & Diversity”!), samt eit og hitt anna. Ellers har eg vore opptatt med mykje det vanlege (Jobb, capoeira, klatre litt, sløve på nett).

I tillegg har eg no i den seinare tid gjennopptaga gleden ved å stå på nedoverski! Så eg har investert meg i nye ski, og turen går med javne mellomrom til Vassfjellet. I helga har vi også tenkt å prøva oss på ein topptur til Storhornet på Oppdal. Det skal bli skøy :) Ellers skal eg også på konsert med PELbO til helga, og det gledar eg meg masse til. Rapport følger (får vi håpe!)

posted by Husomlykkjun in capoeira,festlegheiter,Friluft,lat oss snakka om været,life but how to live it,metafysikk and have No Comments

Jadda…

Død blog? Neida! Nyttårsforsett for 2010:

- Minst eitt innlegg i veka på bloggen.
- Ta minst eitt bilete kvar veke.
- Øve gitar minst 4 dagar i veka.
- Sleppe taket litt oftare og stresse litt sjeldnare.
- Og den viktigaste til slutt: Syte mindre, smile meir og seie noko hyggeleg så ofte som mogleg.

- ja.. vi stoppar der.. tenkjer eg..

posted by Husomlykkjun in life but how to live it,metafysikk and have Comments (2)

Jadda…

Kva skal ein skrive.. Har somla med oppdateringer ei stund. Kanskje ein litt vèl lang sommarferie? Vel, sommerferie: Trondheim-Elverum-Trondheim-Skjåk-Trondheim-Fareham-Oslo-Tønsberg-Trondheim. Ellers.. Fast jobb som studiekonsulent ved NTNU, tatt klatrekurs, capoeira, sosialisering… Jadda.. Skal oppdatere oftare igjen! Lovar!

posted by Husomlykkjun in life but how to live it and have No Comments

got a new apartment, got a new flat

.. if you wanna come you can have some tea, come to my place and have a cup with me.

Ja, da har eg endeleg flytta inn i ny leiligheit, i stille og rolege omgjevnadar på Berg/Tyholt i Trondheim.

posted by Husomlykkjun in life but how to live it and have Comments (2)

Litt nytt frå vestfronten

Jauda.. Maten på “5 bord” var kjempegod den, og billigare enn forventa :) Så det var bra. Granåsen var prega av litt dårleg vær, men ellers ein ganske koseleg dag. Denne helga er ein kompis frå militæret på besøk i byen, så det er hyggeleg. Var ute på byen ein tur i går, så får vi sjå kva vi finn på i dag. Eg skal vistnok på “trønderfæst” i kveld.. Kan jo bli.. Spennande.. Har tilogmed lova å stille i bart, dum som eg er.. Og i morgon skal eg på kino og sjå “menn som hater kvinner”. Bli bra ja!

posted by Husomlykkjun in life but how to live it and have No Comments

Oi.. Oppdatering kanskje?

Jau.. Tida flyg.. Ei lita stund sidan sist oppdatering no, og ein del vann har runne under brua. Har ein mykje å gjera rekk ein ikkje stort anna enn det ein må.. Vel, sidan sist har da følgjande skjedd: Capoeira workshop med Professor Coiote, kjempeartig. Meget bra fest! For ein gongs skyld trivdest eg på ein fest med høg latinodansefaktor..

Deretter capoeira show på Samfundet i forbindelse med ISFIT. Det bestod i at vi storma inn i diverse pubbar/lokale på Samfundet og starta spela capoeira i ein 5-10 minutters tid. Før vi forsvant like fort som vi dukka opp. Dette til stor glede for ein gjeng brasilianere som stod jublande med brasilianske flagg på sidelinja. Deretter nytt show i Vår Frues Kirke, litt anna stemning, litt mindre party capoeira ute av kontroll, og meir sakte og praktfull capoeira, koselig. Kvelden blei avslutta med konsert med Marit Larsen på Blæst.

Nest konsert i rekkja var Danko Jones på Samfundet. Heilt greit, men litt lite lukt av alkoholisme, sigarettsneipar og “ekte” rock n’ roll. Med andre ord ei velsmurt rockemaskin på turné. Siste konsert i rekka var Opeth. Eg var ikkje særskilt fan av Opeth før konserten, eg er det no. Nuff’ said. Dei leverte varene så det stod etter!

Så.. Kva skjer? Tja, til helga skal eg i alle fall avsted å sjå verdskupp i skiskyting i Granåsen. Også skal eg eta ein bedre middag på den relativt eksklusive restauranten “5 bord”. Gledar meg til maten, gruar meg til å sjå rekninga..

posted by Husomlykkjun in capoeira,festlegheiter,life but how to live it,musikalske krumspring and have No Comments

Tida flyr

Dette har vore ei rimelig heftig veke. Starta fint med vekkerklokke som pipa litt for tidleg på mandag morgon. Etter jobb var det rett ut og halda Capoeira-show i gågata. Vi leika oss i eit kvarters tid ute i koselege kuldegrader. Kjempeskøy :) Etterpå stakk vi på bakklandet for å varma oss på ein kaffekopp.

Tysdag var det klart for generalforsamling i NTNUI. 2.5 time med organisatoriske festlegheiter.. Jau jau.. Langdrygt..

Onsdag gjorde eg ikkje stort anna enn å kjøpe meg den dyraste vekkjarklokka eg nokon gong har handla meg.. Nemleg ei Philips wake-up light. Dette er ei vekkjerklokke som simulerer ein soloppgang, og som difor vekkjer deg på ein skånsom og naturleg måte. Kjempeflott! Lenge sidan eg har vakna på ein så god måte som i dag tidleg!

posted by Husomlykkjun in capoeira,life but how to live it and have Comments (2)

Bowling og transjoik

I går var eg på bowling med jobben. Hederleg delt andreplass av totalt 12 deltagare. Som premie fekk eg sjokolademedalje :) Etterpå for vi på microbryggeriet og drakk eit par øl. Kjempetriveleg!

Etter at øllen var fortært bar det over til Storås og transjoik konsert. Som alltid leverer transjoik varene, og konsertane deira er vel eigentleg det nærmaste eg kjem metafysiske utavdæsjælopplevelser. Nok om det, fantastisk konsertband, fantastisk stemning! Transcendental meditasjon ta ‘rei en bolle!

posted by Husomlykkjun in festlegheiter,life but how to live it,metafysikk,musikalske krumspring and have No Comments

Switch to our mobile site