Japp, den mest ubrukelege arbeidsdagen i heile året er over oss att. Finnest det eigentleg nokon som greier å vera supereffektiv på denne dagen? Jaja, om litt over to timar går Nissan-ekspressen i retning Skjåk. Det skal bli fint å koma heimat til ho mor. Kanskje til og med feire bursdag?
Archive for the 'lat oss snakka om været' Category
Jauda pt. II
Også gjekk det ein månad og eg har fortsatt ikkje holde det eg lova om å blogge ein gong i veka.. Men berre så det er sagt: Eg har holdt dei andre løfta mine, ikkje ille berre det
Men som ein seier, ein skal ikkje gi opp berre ein ikkje innfrir med ein gong. Så forsettet er fortsatt gyldigt, og eg innrømmer glatt at eg har behandla alle mine fans på ein dårlig måte ved å ignorera dei fullstendig i vekesvis.
Så, kvifor har eg vore fraværande? Nei si det.. Ingen god grunn eigentleg, anna enn at det var mykje å gjera på i løpet av januar. Mykje budsjett og årsrapportar og lignande som skulle fiksas for Capoeirastyret, ein del jobb med å ferdigstilla artikkelen min for publisering (Den er no akseptert og vil bli publisert i “Plant Ecology & Diversity”!), samt eit og hitt anna. Ellers har eg vore opptatt med mykje det vanlege (Jobb, capoeira, klatre litt, sløve på nett).
I tillegg har eg no i den seinare tid gjennopptaga gleden ved å stå på nedoverski! Så eg har investert meg i nye ski, og turen går med javne mellomrom til Vassfjellet. I helga har vi også tenkt å prøva oss på ein topptur til Storhornet på Oppdal. Det skal bli skøy
Ellers skal eg også på konsert med PELbO til helga, og det gledar eg meg masse til. Rapport følger (får vi håpe!)
Plask plask plask
Kan det vær så snill å slutte å regne no? Eg er lei! Plask plask plask! Jaja, fortreffelig dag har det vært. Fuktig sykkeltur til jobb. Det fyrste eg gjer på jobb er å tømme ein kopp kaffe i fanget.. Enda meir fuktig sykkeltur heim, da ein solgløtt lura meg til å ikkje ta på meg regnklea. Så tok eg like godt å slapp pizza’n min med smørsida ned på golvet.. Jadda! Men det var bra Capoeiratrening da (eit under at eg ikkje knakk eit bein på ein slik dag). Men i morgon blir ein fin dag! Garantert! Bortsett frå at det regnar da og..
Reserverim
Sola skin og her sit no eg
og stirrar ut på ein murvegg
Innestengd eg er på mitt kontor
eg vil ut og helsa på moder Jord
Eg drøymer om eit liv som Lars Monsen
og svinga ein bamsefar i dansen
Men fleire draumar må tørke
før eg kan gå heim i mørke
Dritblaut..
Regel #1 for å bevege seg utandørs i Trondheim; Ha alltid regnkleda med i sekken, utan unntak! Spesielt om du har tenkt å sykle. Du kan banna på at den dagen du ikkje har dei med regnar det så det kless.. Say no more.. Jävla oflyt hela tiden!
Kvitringar
- She thinks it is nr 21 #wotgh
- My friend found the code "furyk karede notes bk10" #wotgh
- 3 of 5 stars to Slam by Nick Hornby http://bit.ly/jgMU2Q
- 4 of 5 stars to Child of God by Cormac McCarthy http://bit.ly/loLslC
- 4 of 5 stars to Sorgenfri by Jo Nesbø http://bit.ly/jLg70E
- 4 of 5 stars to Flaggermusmannen by Jo Nesbø http://bit.ly/iBEE0M
Kategoriar
Blogroll
Kalender
February 2012 M T W T F S S « Jun 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 Meta