RSS
 

Nok ein onsdag

30 Sep

Så var det onsdag. På tide å pakke sekken:

  • MP3-spelar – check
  • regnklær – check
  • ullgenser – check
  • te på termos – check
  • lykke t-skjorta (Det står Skjåk på ho!) – check
  • bok – check

Kva skal eg spør du kanskje? Eg skal på quiz. Det er berre ein liten bakdel med denne quizen, vi må stå i kø for å få eit ok bord (eller eit bord i det heile tatt). Så nok ein onsdag vil eg stå ute i kulde og regn i 40 minutt og lytte til musikk, lesa litt om det er oppholds, og puste inn tungt trafikkert luft frå Elgeseter gate.  Sjølv om det kanskje høyrest litt trasig ut, syns eg faktisk denne lille stunda, der eg berre kan lytte til musikk og ikkje tenkje på stort er eit ganske fint lite hol i kverdagen..

 
1 Comment

Posted in metafysikk

 

Leave a Reply

 
 
  1. marit

    November 17, 2009 at 5:44 pm

    du har glemt å skrive opp ralph myerz & the jack herren band på skrytelista di.
    dessuten er det på tide med ny blogg.

     
 

Switch to our mobile site