Japp, den mest ubrukelege arbeidsdagen i heile året er over oss att. Finnest det eigentleg nokon som greier å vera supereffektiv på denne dagen? Jaja, om litt over to timar går Nissan-ekspressen i retning Skjåk. Det skal bli fint å koma heimat til ho mor. Kanskje til og med feire bursdag?
Archive for March, 2010
Krumspring
Ja tida flyg. Denne veka har vel eigentleg vore ganske så innhaldsrik. Laurdag var eg i Vassfjellet. Det var fantastisk føre, og eg storkosa meg. Det er godt å kjenne at ein har meir kontroll, og tør og stå meir på. Kvelden tilbragte eg med å sovne forran TV. Eg fekk sett “It might get loud” før eg sovna av. Herleg film, det er alltid intressant å sjå på folk som brenn for det dei driv på med.
På tirsdag bestilte eg meg årets ferietur. Ein fire vekers tur frå Bangkok til Bali. Dette er ein slags gruppetur, der den einaste aktiviteten som er planlagt felles med gruppa er reise og overnatting. Det meste anna kan ein styre sjølv. Det er med ein guide på turen, og vi blir vel tipsa om kva som kan væra verd å få med seg. Dei som er intressert kan lesa meir om turen her.
I går var vi atter i Vassfjellet, også på nydeleg føre. Artig å kjøre, og skia satt godt. Torde også å “gutse” på, slik at det blei litt action. Eg prøvde meg også ut i skogsløpa, noko som ikkje var så vellukka med min dugleik på telemarkski.. Eg holdt også på å bli drept ute i skogen der. Eg kom frå ei side og gjekk overende. Marit kom frå ei anna retning og greide ikkje å stoppe. Det førte til at eg blei påkjørt i kragebeinet av eit snowboard. Definitivt mange hakk betre enn at stålkanten sklei over halsen min.. Frå Vassfjellet bar det rett på quiz, noko som virkeleg gjekk til skogen denne runda (Forbanna star wars nerding..).
I dag har eg vore på KRAFT-konferansen. Det var ganske motiverande, men ein del gode foredragsholdere. Særleg Christine Calvert og Lisbeth Larsen stakk seg vel ut som dyktige talerar med noko å melde. Anne B. Ragde er og blir Anne B. Ragde, men ho var poengtert, og ganske morosamd. Må faktisk innrømme at eg blei positivt overraska over ho. Kvelden blei avslutta på Dokkhuset, med direktsendt “Debatten”, der Harald Eia og hans “hjernevask” stod sentralt. Altså debatten om arv og miljø igjen. Intressant, og ikkje heilt forferdeleg TV-debatt. Også ganske artig å væra der live, sjølv om eg ikkje såg snurten til nokon som helst av deltagarane.
Ny utsjånad
Som den observante lesar kanskje har lagt merke til så har eg skifta utsjånad på bloggen. Litt friskare i fargen, litt meir grungy, rett og slett litt meir Jørn. Nokon vil kanskje seie at den er stygg. Eg syns ikkje det, og eg bestemmer. Så HAHA!
Ellers så er det jammen snart helg.. Lurar på kva den vil bringe. Ski kanskje? Rote rundt i datasett og laga pene grafer kanskje? Capoeira i alle fall, og litt øl. Også har eg tenkt å prøve å få sett “It might get loud”. Såg “Waltz with Bashir” forrige veke, den kan anbefales, dersom du er glad i krig, traumer, menneskleg psyke og teiknefilm…
That’s it. Tudelduu!
Ski, musikk, sjukdom og anna tullball
Hæppsi hæppsi! PELbO var kjempebra! God konsert (alle konsertar der trommisen slår hol på trommesettet må jo vera episk?). Ellers har eg vel stått ein del på ski, hovudsakleg i Vassfjellet. Eg hadde aldeles gløymt kor artig det er å stå på ski. Men no har eg jo utstyret, så da er det vel håp om at det blir litt meir turar.
Same dag som PELbO konserten var vi forøvrig på topptur til Storhornet på Oppdal. Det var ein veldig fin introduksjonstur til denne type friluftsliv. Grei oppstigning (bortsett frå eit par gnagsår), fin utsikt fra toppen, og ca 1000 høgdemeter med nedkjøring. Litt lite snø innimellom på fjellet, men glittrande føre. Godt med laussnø nede i skogen. Noko underteikna fekk erfare ved eit par anledningar. Låg bretta rundt ei bjørk medan eg prøvde å grave meg ut av laussnøen i fleire minutt. Det verste var nok likevel på eit litt flatare strekke. Til slutt gjekk det så seint at eg berre sokk ned i ei hengemyr av laussnø. Der låg eg da og baksa og prøvde koma meg ut medan ein familie satt og stirra på meg der dei satt og hyttekaffe på verandanen. Oh glade ydmykelse.
Ellers har eg denne helga lege sjuk med feber, men det er ikkje noko gøy å skrive om, og heller ikkje så gøy å høyre om, så eg tenkjer vi stoppar der.