RSS
 

Archive for September, 2009

Nok ein onsdag

30 Sep

Så var det onsdag. På tide å pakke sekken:

  • MP3-spelar – check
  • regnklær – check
  • ullgenser – check
  • te på termos – check
  • lykke t-skjorta (Det står Skjåk på ho!) – check
  • bok – check

Kva skal eg spør du kanskje? Eg skal på quiz. Det er berre ein liten bakdel med denne quizen, vi må stå i kø for å få eit ok bord (eller eit bord i det heile tatt). Så nok ein onsdag vil eg stå ute i kulde og regn i 40 minutt og lytte til musikk, lesa litt om det er oppholds, og puste inn tungt trafikkert luft frå Elgeseter gate.  Sjølv om det kanskje høyrest litt trasig ut, syns eg faktisk denne lille stunda, der eg berre kan lytte til musikk og ikkje tenkje på stort er eit ganske fint lite hol i kverdagen..

 
1 Comment

Posted in metafysikk

 

Plask plask plask

29 Sep

Kan det vær så snill å slutte å regne no? Eg er lei! Plask plask plask! Jaja, fortreffelig dag har det vært. Fuktig sykkeltur til jobb. Det fyrste eg gjer på jobb er å tømme ein kopp kaffe i fanget.. Enda meir fuktig sykkeltur heim, da ein solgløtt lura meg til å ikkje ta på meg regnklea. Så tok eg like godt å slapp pizza’n min med smørsida ned på golvet.. Jadda! Men det var bra Capoeiratrening da (eit under at eg ikkje knakk eit bein på ein slik dag). Men i morgon blir ein fin dag! Garantert! Bortsett frå at det regnar da og..

 

Sykkellyktrave

26 Sep

I går var eg og drakk ut leiligheita til ein kompis som flytter til Oslo. Etter ei veke på jobb, rett på capoeira trening og deretter rett på fest så treng eg vel ikkje seie at alkoholen virka temmeleg fort. Festen byrja veldig stille med sober vindrikking og konversasjon. I tillegg spelte vi litt forsiktig på panfløyter og marimba. Deretter kom ein liten midtseksjon med 90-tallsmusikk og dertil egnede dans.. Etterkvart dukka prodigy opp på stereo’n og det blei litt texas..  Alle fant fram sine blinkande sykkellykter og ravestemninga var til å ta å føle på. Veldig morro! Så var det tid for litt meir konversasjon, før nachspielet endte opp i gangen.. Alt i alt ein vellykka kveld!

 
 

Sliten nå

21 Sep

13 timar Capoeira, litt seint på fredag og fest på laurdag.. Krigsskader: blå hoft, blå legg, hudfletta tommeltott, ein kropp som ikkje greier å bevege seg utan å skrike “mjølkesyre”, forslitt stemmeband, grusom migrene søndagkveld/natt, tomt hode med migrenepille hang-over.. Men masse morro, god stemning, gode spill, musikk med trøkk i, koseleg fest på laurdag, god middag på søndag :)

Alt i alt; gleder > skader.

 

Jadda…

13 Sep

Kva skal ein skrive.. Har somla med oppdateringer ei stund. Kanskje ein litt vèl lang sommarferie? Vel, sommerferie: Trondheim-Elverum-Trondheim-Skjåk-Trondheim-Fareham-Oslo-Tønsberg-Trondheim. Ellers.. Fast jobb som studiekonsulent ved NTNU, tatt klatrekurs, capoeira, sosialisering… Jadda.. Skal oppdatere oftare igjen! Lovar!

 
 

Switch to our mobile site