Ja, no sit eg på bussen heim at til Skjåk. Eg har bladd lenge nok i ‘uncut’ til å bli passe kvalm, Ulf Lundell syng sine sangar på stereo’n, og bussen er på tur gjennom preglaust Trønderlende. Kva betre kan ein da ta seg til enn å knote inn eit blogginnlegg på mobilen? Om nokre timar er eg heime i den fagre Skjåkbygda. Om føret held og eg tør stole på kneet mitt håpar eg å få til ein topptur, men utsiktene er ikkje dei beste. Torsdag blir det vistnok congac og spekemat hjå onkel Per. Fredag pjalling med Andreas og Stian. Meir er ikkje planlagt. Skal i alle fall bli triveleg koma seg til ‘fjells’ og sjå slekta igjen. Men no er eg møkklei av å knota på telefon. LA8PV over og ut.
Kvitringar
- arak attack
- Jørns reisetips #60: I Asia går ein ikkje på fortauet. Det er for å parkera motorsyklar på, dessutan kan ein ramle ned i kloakken.
- Borobudur i morra. Woo hoo!
- Har ete kylling på eit møkkete teppe i eit telt på gata.
- Immodium redder dagen.
- Venter paa flyet til Jakarta.
Kategoriar
Blogroll
Kalender
Meta