Dette har vore ei rimelig heftig veke. Starta fint med vekkerklokke som pipa litt for tidleg på mandag morgon. Etter jobb var det rett ut og halda Capoeira-show i gågata. Vi leika oss i eit kvarters tid ute i koselege kuldegrader. Kjempeskøy
Etterpå stakk vi på bakklandet for å varma oss på ein kaffekopp.
Tysdag var det klart for generalforsamling i NTNUI. 2.5 time med organisatoriske festlegheiter.. Jau jau.. Langdrygt..
Onsdag gjorde eg ikkje stort anna enn å kjøpe meg den dyraste vekkjarklokka eg nokon gong har handla meg.. Nemleg ei Philips wake-up light. Dette er ei vekkjerklokke som simulerer ein soloppgang, og som difor vekkjer deg på ein skånsom og naturleg måte. Kjempeflott! Lenge sidan eg har vakna på ein så god måte som i dag tidleg!