RSS
 

Archive for November, 2008

Jada..

02 Nov

Så har det skjedd igjen. Kamma rykka ned til adeccoligaen.. Kva kan ein sei, det byrjar jo å bli ein vane no. Og berre så det er sagt; eg legg ned veto mot fotballsnakk dei neste vekene!

Ellers har det vel ikkje vore tidenes mest hendelsesrike veke. Den har vore prega av søvnmangel. Gjekk på jobb, etter 2 timar søvn i eiga seng og ein 5-6 timar med skrall søvn på nattbussen, på mandag. Sovna ikkje når eg burde mandagskveld. Capoeira trening på tirsdag, sjølvsagt mista eg bussen, og tenkte at eg like godt kunne spela litt musikk, og greide sjølvsagt (litt bevist) å miste ytterlegare to bussar.. Så med andre ord kom eg ikkje i seng når eg burde denne dagen heller.. Torsdag hadde vi “såperoda”, der det skulle sjekkast ut om beltene våre satt sånn akkurat passe godt fast. Eg treng vel ikkje å seie at eg ikkje kom meg i seng i tide denne kvelden heller. Fredag var eg på trening, og tok ein øl på mikrobryggeriet med eit par capoeira folk, og sovna vel før 12. Laurdagen var eg på halloweenfest. I dag var eg atter ein gong på capoeiratrening. Fikk spelt mykje musikk, noko som absolutt trengdes. Kom heim i tide til å få med meg at kamma rykka ned. Perfekt slutt på ei veke det.. NOT! Berre å håpe at neste veke bringer litt meir søvn og ingen nedrykk :)

 
 

Switch to our mobile site