RSS
 

Archive for October, 2008

Ferdig

27 Oct

Ja, da satt eg på bussen heim og knotta inn eit innlegg med telefonen, medan “the Matrix” snurrar litt for høglytt på DVD anlegget. Nytt belte ligg i sekken. Batizadoen var særs vellykka, med masse liv, spenstige folk, gode treningar og rodas, og eit beinbrot (ikkje mitt). Om 8 timar skal eg på jobb.. O for ein glede.. Håper eg snart får sova..

 
1 Comment

Posted in capoeira

 

Batizado

23 Oct

Da var eg i ferd med å pakke og gjera meg klar for batizado (“dåp”), eller capoeira gradering. I morgon dreg eg med buss kl 08:30 fra Trondheim. Deretter er det fullt program i Tigerstaden frå fredagkveld til søndag ettermiddag. Programmet inneheld trening, gradering, fest, trening, morro. Sjølve graderinga skjer i Trikkestallen på Torshov frå 11 på laurdagen. Så om nokon er intressert er det berre å stikke innom. I tillegg vert det eit råbra show på kvelden der det skal synast fram kva vi er gode for! Bussen heim går søndagskvelden/natta, og eg reknar med å vera tilbake i Trondheim i ca passe tid til å gå rett på jobb… Blir nok ein morosamd mandag..

 
2 Comments

Posted in capoeira

 

Småplukk

19 Oct

Da var lista over nye belte i Capoeira klar, og surprise, surprise, eg var på lista! Det betyr at neste helg vil eg endeleg få mitt første belte, og er velkommen inn i varmen blant capoeiristas.

Fredag var eg på fargefest i Jakobsli. Det var eigentleg ganske gøy, og eg stilte i eit fantstisk grønt antrekk! “Desverre” foreligg det enda ikkje bildebevis på nettopp dette. Etter sosialisering og eit par caipirinha oppe i Jakobsli gjekk turen til byen, og brukbar/supa der vi dansa til sola stod opp (Not really, eg gjekk heim når musikkvolumet truga med å innvadere hjernebarken min). Resten av helga har blitt brukt til sløving, men om ei lita stund skal eg tusle meg på capoeira trening.

Desverre har ikkje veka brakt med seg berre gode nyheiter. Torsdag fekk eg beskjed om at ein studiekompis av meg, som eg også delte kjøkken med på Steinkjer, var død. Det er rett og slett litt ufatteleg, og frykteleg trist når resurssterke og kjempetriveleg mennesker døyr i så ung alder.

 

Dritblaut..

14 Oct

Regel #1 for å bevege seg utandørs i Trondheim; Ha alltid regnkleda med i sekken, utan unntak! Spesielt om du har tenkt å sykle. Du kan banna på at den dagen du ikkje har dei med regnar det så det kless.. Say no more.. Jävla oflyt hela tiden!

 

Boot camp capoeira

05 Oct

Nok ei veke er snart over. Helga har eg tilbragt med capoeira, capoeira, og enda litt meir capoeira. Grunnen er sjølvsagt at vi hadde evalueringsworkshop med vår mestre Maclau. Dette er i bunn og grunn ein haug med trening, der våre prestasjonar blir vurdert, og Maclau noterar det ned i si svarte notatbok. Om vi blir funne dyktige nok, vil vi få (ny) corda på batizado’en som er 24-26 oktober. Så fredag trena vi frå 5-8. Laurdag var det ordentlig hardkjør  frå 11 (derav boot camp capoeira), og vi var alle dugeleg slitne da vi var ferdige ein gong mellom 3 og 4. Om kvelden var det fest, som endte med dans på Supa. Og i dag har vi trena frå 11 – 3. Dagen starta med musikktrening, og mi venstre hånd er ein smule ubrukeleg, med vannblemme på tommeltotten og ein følelseslaus lillefinger. Slik går det når n00bs som meg skal spela berimbau i lange tider. Gode treningar, godt med axé og ei og anna gullrekka i rodaen. Alt i alt ei bra helg. Men no skal det sovast!

 
 

Switch to our mobile site