RSS
 

Archive for September, 2008

Sirkelsag.. Ubehag..

30 Sep

For å driva meg til vannvidd har dei no byrja å skjære opp den gigantiske betongplassen utanfor kontoret mitt med sirkelsag. Dette på grunn av ein vannskade som skal utbedrast. Eg behøver vel ikkje nevne at dette produserer ein inni granskogen mykje ulyd, og kan væra ganske irriterande når ein prøver å konsentrere seg. Da dei gjorde tilsvarande arbeid på andre sia av bygningen pågjekke dette bråket i 3-4 veker. No har endeleg turen komme til mi side av bygget, og alle hjerter gleder seg.. Kan bli triveleg her i vekene framover :p

 
2 Comments

Posted in kontorliv

 

Nybyrjarfest

27 Sep

I kveld er det klart for det halvårlege sjøslaget som går under navnet “Nybyrjarfest for Tae Kwon Do”.  Kvar einaste ein av desse festane brukar å verta meir legendarisk enn den føregåande. Dansing på borda, biting i ymse kroppsdelar, random gruppeslåssing, sære dansetrinn og høg promille er av dei vante bestandsdelane. Eg gledar meg.

PS: Eg har nettopp byrja å leike med Shozu, eit program som kan laste opp mobilbilete direkte frå mobilen til denne bloggen. Så om det passar seg slik skal dykk ikkje sjå bort i frå at eg kjem til å misbruke dette programmet i løpet av kvelden :)

 
 

Ny blogg, nye lovnadar å bryta

27 Sep

Etter mykje om og men, har eg valgt å flytja bloggen min over til wordpress. I tilllegg har eg valgt å skifte språk. Det er begrensa kor mange utlendingar som faktisk les mitt kvardagspjatt.. (If someone who can’t understand norwegian actually DOES read this, please tell me :p) Slike foreløbig har eg vel ikkje stort å fortelja. Planen er å skriva med ganske javne mellomrom om kontorliv, soffaliv og andre små viderverdigheiter eg skulle utsetja meg sjøl for…

 
 
 

Switch to our mobile site