RSS
 

Archive for the ‘life but how to live it’ Category

Sidan sist

25 Aug
  • Det er artig å bli peikt ut til å væra forlover
  • Talen gjekk bra
  • Arne Brimi lagar god mat
  • Det er slitsomt å trille øl på festival
  • Your headlights are on er Trondheims beste tubaband
  • Band of Skulls er opphengt i 70-tallet, men det er heilt ok
  • Israelvis er fortsatt stuck på 90-tallet, men det er heilt ok det også
  • Teddybears får sjølv stive rockerar til å danse og leverar bra konsertar
  • Det gjer jammen DumDum Boys også
  • Natta blir fort sein på MacBeth
 

Eitt og hitt

02 May

Ooops igjen.. Nok ein gong ei stund sidan eg har oppdatert.. Slask altså.. Hurtig gjennomgang av kva som har skjedd sidan sist:

  • 30års-lag, med mange trivelege folk. Kjempestas og kjempegøy.
  • Capoeira vårroda i Bærum. Masse trening, mestrar frå Brasil, årets fyrste (iskalde) uteroda, triveleg folk og stas!
  • Capoeirashow under sjokkfestivalen på ISAK, god stemning, og masse axé, gratis festivalpass og dermed også gratis konsert med Jack Dalton.

Kva skjer no? Eg er sjuk og svak vil helst ligge under dyna. Bihuler, snørr og feber.. Jippi ki ay ey mofo!

 

Attende

06 Apr

Ja, så var påskeferien over for denne gong. Like fort som alltid. Fekk eg gjort stort av det eg tenkte eg skulle få gjort? Joda, ein del. Er nesten ferdig med “Things I overheard while talking to myself” av Alan Alda. Ganske intressant bok om kunsten å leva, og det å finne ei meining i denne vesle stunda vi har til rådigheit her på jorda. Ellers har eg fått gått litt turar i skogen omkring heime og vore innom alle dei obligatoriske plassane (Hyrvehammaren, Husomberget, Hyrvebakken, Nedre og Øvre Bua). Det blei ingen tur over 2000 moh denne påska heller.. Det er for slapt!

Ellers har eg fått feira bursdag. Bursdagen vart feira med lammesteik og kaffe avec saman med slekta. Jajamen som tida går.. Plutseleg er ein 30 og gitt, men framleis ung og lovande!

Kva eg ikkje har fått gjort i påska? Det får forbli årets påskemysterium.

 

Påskeferie

31 Mar

Japp, den mest ubrukelege arbeidsdagen i heile året er over oss att. Finnest det eigentleg nokon som greier å vera supereffektiv på denne dagen? Jaja, om litt over to timar går Nissan-ekspressen i retning Skjåk. Det skal bli fint å koma heimat til ho mor. Kanskje til og med feire bursdag?

 

Besøkshelg

21 Mar

Denne helga har eg og Andreas hatt besøk av Stian, vår felles barndomskompis. Vi har leika krig i skogen, sykla til skulen i 25 minus, drukke brennevinet til bestemødrene våre, spelt femkort, slåss og ellers gjort det ein brukar å gjera saman med kompisar frå fyrsteklasse på barneskulen.

Denne helga byrja fredagen med at Andreas laga fire-retters middag med vinmeny til. Det var utruleg godt og vi blei både gode og mette, men også gode og glade av vinmenyen. Ingen guttekveld er komplett utan eitt slag poker, så vi konsumerte meir vin og spelte poker til vi var salongberusa nok til å gå “all-in” på dei dårlegaste hendene.. Artig lell.

Laurdagen tusla vi ned på Three Lions for å sjå Tottenham vs. Stoke. Den obligatoriske burgeren og øllen blei konsumert mens Tottenham sloss og vant tre poeng på bortebane. Seinare på kvelden var det klart for helgas høgdepunkt: Motorpsycho + Supersilent. Begge banda stod på scenen og ein kan trygt seie at magi oppstod. Eg må nok innrømme at det til tider blei litt langdrygt og overdose av kvit støy, men desse augneblinka var i fåtal. Metafysisk herlegheit, rett og slett.

Søndag avslutta vi helga med å eta middag på Café Bangkok. God mat, hyggeleg betjening og hyggeleg pris. Alt i alt ei utmerka helg: Terningkast 5.

 

Jauda pt. II

24 Feb

Også gjekk det ein månad og eg har fortsatt ikkje holde det eg lova om å blogge ein gong i veka.. Men berre så det er sagt: Eg har holdt dei andre løfta mine, ikkje ille berre det :)

Men som ein seier, ein skal ikkje gi opp berre ein ikkje innfrir med ein gong. Så forsettet er fortsatt gyldigt, og eg innrømmer glatt at eg har behandla alle mine fans på ein dårlig måte ved å ignorera dei fullstendig i vekesvis.

Så, kvifor har eg vore fraværande? Nei si det.. Ingen god grunn eigentleg, anna enn at det var mykje å gjera på i løpet av januar. Mykje budsjett og årsrapportar og lignande som skulle fiksas for Capoeirastyret, ein del jobb med å ferdigstilla artikkelen min for publisering (Den er no akseptert og vil bli publisert i “Plant Ecology & Diversity”!), samt eit og hitt anna. Ellers har eg vore opptatt med mykje det vanlege (Jobb, capoeira, klatre litt, sløve på nett).

I tillegg har eg no i den seinare tid gjennopptaga gleden ved å stå på nedoverski! Så eg har investert meg i nye ski, og turen går med javne mellomrom til Vassfjellet. I helga har vi også tenkt å prøva oss på ein topptur til Storhornet på Oppdal. Det skal bli skøy :) Ellers skal eg også på konsert med PELbO til helga, og det gledar eg meg masse til. Rapport følger (får vi håpe!)

 

Jadda…

21 Jan

Død blog? Neida! Nyttårsforsett for 2010:

- Minst eitt innlegg i veka på bloggen.
- Ta minst eitt bilete kvar veke.
- Øve gitar minst 4 dagar i veka.
- Sleppe taket litt oftare og stresse litt sjeldnare.
- Og den viktigaste til slutt: Syte mindre, smile meir og seie noko hyggeleg så ofte som mogleg.

- ja.. vi stoppar der.. tenkjer eg..

 

Jadda…

13 Sep

Kva skal ein skrive.. Har somla med oppdateringer ei stund. Kanskje ein litt vèl lang sommarferie? Vel, sommerferie: Trondheim-Elverum-Trondheim-Skjåk-Trondheim-Fareham-Oslo-Tønsberg-Trondheim. Ellers.. Fast jobb som studiekonsulent ved NTNU, tatt klatrekurs, capoeira, sosialisering… Jadda.. Skal oppdatere oftare igjen! Lovar!

 
 

Switch to our mobile site