Japp, den mest ubrukelege arbeidsdagen i heile året er over oss att. Finnest det eigentleg nokon som greier å vera supereffektiv på denne dagen? Jaja, om litt over to timar går Nissan-ekspressen i retning Skjåk. Det skal bli fint å koma heimat til ho mor. Kanskje til og med feire bursdag?
Archive for the ‘lat oss snakka om været’ Category
Plask plask plask
Kan det vær så snill å slutte å regne no? Eg er lei! Plask plask plask! Jaja, fortreffelig dag har det vært. Fuktig sykkeltur til jobb. Det fyrste eg gjer på jobb er å tømme ein kopp kaffe i fanget.. Enda meir fuktig sykkeltur heim, da ein solgløtt lura meg til å ikkje ta på meg regnklea. Så tok eg like godt å slapp pizza’n min med smørsida ned på golvet.. Jadda! Men det var bra Capoeiratrening da (eit under at eg ikkje knakk eit bein på ein slik dag). Men i morgon blir ein fin dag! Garantert! Bortsett frå at det regnar da og..
Reserverim
Sola skin og her sit no eg
og stirrar ut på ein murvegg
Innestengd eg er på mitt kontor
eg vil ut og helsa på moder Jord
Eg drøymer om eit liv som Lars Monsen
og svinga ein bamsefar i dansen
Men fleire draumar må tørke
før eg kan gå heim i mørke
Dritblaut..
Regel #1 for å bevege seg utandørs i Trondheim; Ha alltid regnkleda med i sekken, utan unntak! Spesielt om du har tenkt å sykle. Du kan banna på at den dagen du ikkje har dei med regnar det så det kless.. Say no more.. Jävla oflyt hela tiden!