Husomlykkjun

- Syverspace

Archive for September 14th, 2010

Den fotograferande Knausgård søker råd

Ok, her er dealen:

Eg har bestemt meg for å endre på fotoprosjektet mitt (http://www.flickr.com/photos/husomlykkjun/sets/72157624792253208/), fordi eg følte at det blei meir ein øvelse i eksibisjonisme enn i noko som hadde kunsterisk eller fotografisk potensiale. Eg følte meg rett og slett som ein fotograferanda Knausgård, som pirkar meg i navlen og legg loa ut på nett, og at eg betre kunne nytta tida mi som fotograf om eg kunne bruke tida på å ta bilete også av andre ting enn meg sjølv.

Likevel har eg etter at melding “gikk ut” fått tilbakemeldingar som at det var synd, og at det fantest folk der ute som syntes prosjektet var underhaldande og intressant.

Eg er ikkje vanskeleg å ha med å gjera, så folkens:

Dersom nokon kan overbevisa meg innan søndag (dagen eg har satt for å ta siste ordinære bilete av meg sjølv) om at det er ein god idé og fortsetja, så skal eg vurdera det.

Dersom nokon kan overbevisa meg om at eg har rett, og at eg antageligvis kan gi verda meir intressante bilete om eg berre får lov å slutte å ta bilete av meg sjøl, så vil eg frå og med mandag skifta spor, og gå over til å ta eit bilete kvar dag istaden.

Kjør debatt!

posted by Husomlykkjun in life but how to live it and have No Comments

Switch to our mobile site