Husomlykkjun

- Syverspace

Archive for April 6th, 2010

Attende

Ja, så var påskeferien over for denne gong. Like fort som alltid. Fekk eg gjort stort av det eg tenkte eg skulle få gjort? Joda, ein del. Er nesten ferdig med “Things I overheard while talking to myself” av Alan Alda. Ganske intressant bok om kunsten å leva, og det å finne ei meining i denne vesle stunda vi har til rådigheit her på jorda. Ellers har eg fått gått litt turar i skogen omkring heime og vore innom alle dei obligatoriske plassane (Hyrvehammaren, Husomberget, Hyrvebakken, Nedre og Øvre Bua). Det blei ingen tur over 2000 moh denne påska heller.. Det er for slapt!

Ellers har eg fått feira bursdag. Bursdagen vart feira med lammesteik og kaffe avec saman med slekta. Jajamen som tida går.. Plutseleg er ein 30 og gitt, men framleis ung og lovande!

Kva eg ikkje har fått gjort i påska? Det får forbli årets påskemysterium.

posted by Husomlykkjun in life but how to live it and have Comments (2)

Switch to our mobile site