Husomlykkjun

- Syverspace

Ski, musikk, sjukdom og anna tullball

Hæppsi hæppsi! PELbO var kjempebra! God konsert (alle konsertar der trommisen slår hol på trommesettet må jo vera episk?). Ellers har eg vel stått ein del på ski, hovudsakleg i Vassfjellet. Eg hadde aldeles gløymt kor artig det er å stå på ski. Men no har eg jo utstyret, så da er det vel håp om at det blir litt meir turar.

Same dag som PELbO konserten var vi forøvrig på topptur til Storhornet på Oppdal. Det var ein veldig fin introduksjonstur til denne type friluftsliv. Grei oppstigning (bortsett frå eit par gnagsår), fin utsikt fra toppen, og ca 1000 høgdemeter med nedkjøring. Litt lite snø innimellom på fjellet, men glittrande føre. Godt med laussnø nede i skogen. Noko underteikna fekk erfare ved eit par anledningar. Låg bretta rundt ei bjørk medan eg prøvde å grave meg ut av laussnøen i fleire minutt. Det verste var nok likevel på eit litt flatare strekke. Til slutt gjekk det så seint at eg berre sokk ned i ei hengemyr av laussnø. Der låg eg da og baksa og prøvde koma meg ut medan ein familie satt og stirra på meg der dei satt og hyttekaffe på verandanen. Oh glade ydmykelse.

Ellers har eg denne helga lege sjuk med feber, men det er ikkje noko gøy å skrive om, og heller ikkje så gøy å høyre om, så eg tenkjer vi stoppar der.

posted by Husomlykkjun in Friluft,musikalske krumspring and have No Comments

Place your comment

Please fill your data and comment below.
Name
Email
Website
Your comment

Switch to our mobile site