Husomlykkjun

- Syverspace

Tida flyr

Dette har vore ei rimelig heftig veke. Starta fint med vekkerklokke som pipa litt for tidleg på mandag morgon. Etter jobb var det rett ut og halda Capoeira-show i gågata. Vi leika oss i eit kvarters tid ute i koselege kuldegrader. Kjempeskøy :) Etterpå stakk vi på bakklandet for å varma oss på ein kaffekopp.

Tysdag var det klart for generalforsamling i NTNUI. 2.5 time med organisatoriske festlegheiter.. Jau jau.. Langdrygt..

Onsdag gjorde eg ikkje stort anna enn å kjøpe meg den dyraste vekkjarklokka eg nokon gong har handla meg.. Nemleg ei Philips wake-up light. Dette er ei vekkjerklokke som simulerer ein soloppgang, og som difor vekkjer deg på ein skånsom og naturleg måte. Kjempeflott! Lenge sidan eg har vakna på ein så god måte som i dag tidleg!

posted by Husomlykkjun in capoeira,life but how to live it and have Comments (2)

2 Responses to “Tida flyr”

  1. Marit says:

    funker det nye vidunderet? er det bra? kan jeg få låne en dag? jeg vil også ha. det ønsker jeg meg til jul!

  2. Husomlykkjun says:

    Eg trur det nye vidunderet funkar. Og du får i alle fall ikkje noko slikt frå meg til jul.. For heilt billig var no ikkje svinet..

Place your comment

Please fill your data and comment below.
Name
Email
Website
Your comment

Switch to our mobile site