Da var lista over nye belte i Capoeira klar, og surprise, surprise, eg var på lista! Det betyr at neste helg vil eg endeleg få mitt første belte, og er velkommen inn i varmen blant capoeiristas.
Fredag var eg på fargefest i Jakobsli. Det var eigentleg ganske gøy, og eg stilte i eit fantstisk grønt antrekk! “Desverre” foreligg det enda ikkje bildebevis på nettopp dette. Etter sosialisering og eit par caipirinha oppe i Jakobsli gjekk turen til byen, og brukbar/supa der vi dansa til sola stod opp (Not really, eg gjekk heim når musikkvolumet truga med å innvadere hjernebarken min). Resten av helga har blitt brukt til sløving, men om ei lita stund skal eg tusle meg på capoeira trening.
Desverre har ikkje veka brakt med seg berre gode nyheiter. Torsdag fekk eg beskjed om at ein studiekompis av meg, som eg også delte kjøkken med på Steinkjer, var død. Det er rett og slett litt ufatteleg, og frykteleg trist når resurssterke og kjempetriveleg mennesker døyr i så ung alder.