I kveld er det klart for det halvårlege sjøslaget som går under navnet “Nybyrjarfest for Tae Kwon Do”. Kvar einaste ein av desse festane brukar å verta meir legendarisk enn den føregåande. Dansing på borda, biting i ymse kroppsdelar, random gruppeslåssing, sære dansetrinn og høg promille er av dei vante bestandsdelane. Eg gledar meg.
PS: Eg har nettopp byrja å leike med Shozu, eit program som kan laste opp mobilbilete direkte frå mobilen til denne bloggen. Så om det passar seg slik skal dykk ikkje sjå bort i frå at eg kjem til å misbruke dette programmet i løpet av kvelden
Place your comment