Husomlykkjun

- Syverspace

Archive for September 27th, 2008

Nybyrjarfest

I kveld er det klart for det halvårlege sjøslaget som går under navnet “Nybyrjarfest for Tae Kwon Do”.  Kvar einaste ein av desse festane brukar å verta meir legendarisk enn den føregåande. Dansing på borda, biting i ymse kroppsdelar, random gruppeslåssing, sære dansetrinn og høg promille er av dei vante bestandsdelane. Eg gledar meg.

PS: Eg har nettopp byrja å leike med Shozu, eit program som kan laste opp mobilbilete direkte frå mobilen til denne bloggen. Så om det passar seg slik skal dykk ikkje sjå bort i frå at eg kjem til å misbruke dette programmet i løpet av kvelden :)

posted by Husomlykkjun in festlegheiter and have No Comments

Ny blogg, nye lovnadar å bryta

Etter mykje om og men, har eg valgt å flytja bloggen min over til wordpress. I tilllegg har eg valgt å skifte språk. Det er begrensa kor mange utlendingar som faktisk les mitt kvardagspjatt.. (If someone who can’t understand norwegian actually DOES read this, please tell me :p) Slike foreløbig har eg vel ikkje stort å fortelja. Planen er å skriva med ganske javne mellomrom om kontorliv, soffaliv og andre små viderverdigheiter eg skulle utsetja meg sjøl for…

posted by Husomlykkjun in Uncategorized and have No Comments

Switch to our mobile site