Også gjekk det ein månad og eg har fortsatt ikkje holde det eg lova om å blogge ein gong i veka.. Men berre så det er sagt: Eg har holdt dei andre løfta mine, ikkje ille berre det
Men som ein seier, ein skal ikkje gi opp berre ein ikkje innfrir med ein gong. Så forsettet er fortsatt gyldigt, og eg innrømmer glatt at eg har behandla alle mine fans på ein dårlig måte ved å ignorera dei fullstendig i vekesvis.
Så, kvifor har eg vore fraværande? Nei si det.. Ingen god grunn eigentleg, anna enn at det var mykje å gjera på i løpet av januar. Mykje budsjett og årsrapportar og lignande som skulle fiksas for Capoeirastyret, ein del jobb med å ferdigstilla artikkelen min for publisering (Den er no akseptert og vil bli publisert i “Plant Ecology & Diversity”!), samt eit og hitt anna. Ellers har eg vore opptatt med mykje det vanlege (Jobb, capoeira, klatre litt, sløve på nett).
I tillegg har eg no i den seinare tid gjennopptaga gleden ved å stå på nedoverski! Så eg har investert meg i nye ski, og turen går med javne mellomrom til Vassfjellet. I helga har vi også tenkt å prøva oss på ein topptur til Storhornet på Oppdal. Det skal bli skøy
Ellers skal eg også på konsert med PELbO til helga, og det gledar eg meg masse til. Rapport følger (får vi håpe!)
Død blog? Neida! Nyttårsforsett for 2010:
- Minst eitt innlegg i veka på bloggen.
- Ta minst eitt bilete kvar veke.
- Øve gitar minst 4 dagar i veka.
- Sleppe taket litt oftare og stresse litt sjeldnare.
- Og den viktigaste til slutt: Syte mindre, smile meir og seie noko hyggeleg så ofte som mogleg.
- ja.. vi stoppar der.. tenkjer eg..
Filed under: metafysikk, pjatt
Sep
30
Så var det onsdag. På tide å pakke sekken:
- MP3-spelar – check
- regnklær – check
- ullgenser – check
- te på termos – check
- lykke t-skjorta (Det står Skjåk på ho!) – check
- bok – check
Kva skal eg spør du kanskje? Eg skal på quiz. Det er berre ein liten bakdel med denne quizen, vi må stå i kø for å få eit ok bord (eller eit bord i det heile tatt). Så nok ein onsdag vil eg stå ute i kulde og regn i 40 minutt og lytte til musikk, lesa litt om det er oppholds, og puste inn tungt trafikkert luft frå Elgeseter gate. Sjølv om det kanskje høyrest litt trasig ut, syns eg faktisk denne lille stunda, der eg berre kan lytte til musikk og ikkje tenkje på stort er eit ganske fint lite hol i kverdagen..
Kan det vær så snill å slutte å regne no? Eg er lei! Plask plask plask! Jaja, fortreffelig dag har det vært. Fuktig sykkeltur til jobb. Det fyrste eg gjer på jobb er å tømme ein kopp kaffe i fanget.. Enda meir fuktig sykkeltur heim, da ein solgløtt lura meg til å ikkje ta på meg regnklea. Så tok eg like godt å slapp pizza’n min med smørsida ned på golvet.. Jadda! Men det var bra Capoeiratrening da (eit under at eg ikkje knakk eit bein på ein slik dag). Men i morgon blir ein fin dag! Garantert! Bortsett frå at det regnar da og..
Filed under: festlegheiter
Sep
26
I går var eg og drakk ut leiligheita til ein kompis som flytter til Oslo. Etter ei veke på jobb, rett på capoeira trening og deretter rett på fest så treng eg vel ikkje seie at alkoholen virka temmeleg fort. Festen byrja veldig stille med sober vindrikking og konversasjon. I tillegg spelte vi litt forsiktig på panfløyter og marimba. Deretter kom ein liten midtseksjon med 90-tallsmusikk og dertil egnede dans.. Etterkvart dukka prodigy opp på stereo’n og det blei litt texas.. Alle fant fram sine blinkande sykkellykter og ravestemninga var til å ta å føle på. Veldig morro! Så var det tid for litt meir konversasjon, før nachspielet endte opp i gangen.. Alt i alt ein vellykka kveld!
Filed under: capoeira, festlegheiter
Sep
21
13 timar Capoeira, litt seint på fredag og fest på laurdag.. Krigsskader: blå hoft, blå legg, hudfletta tommeltott, ein kropp som ikkje greier å bevege seg utan å skrike “mjølkesyre”, forslitt stemmeband, grusom migrene søndagkveld/natt, tomt hode med migrenepille hang-over.. Men masse morro, god stemning, gode spill, musikk med trøkk i, koseleg fest på laurdag, god middag på søndag
Alt i alt; gleder > skader.
Kva skal ein skrive.. Har somla med oppdateringer ei stund. Kanskje ein litt vèl lang sommarferie? Vel, sommerferie: Trondheim-Elverum-Trondheim-Skjåk-Trondheim-Fareham-Oslo-Tønsberg-Trondheim. Ellers.. Fast jobb som studiekonsulent ved NTNU, tatt klatrekurs, capoeira, sosialisering… Jadda.. Skal oppdatere oftare igjen! Lovar!
.. if you wanna come you can have some tea, come to my place and have a cup with me.
Ja, da har eg endeleg flytta inn i ny leiligheit, i stille og rolege omgjevnadar på Berg/Tyholt i Trondheim.
Filed under: festlegheiter, pjatt
Apr
8
Ja, no sit eg på bussen heim at til Skjåk. Eg har bladd lenge nok i ‘uncut’ til å bli passe kvalm, Ulf Lundell syng sine sangar på stereo’n, og bussen er på tur gjennom preglaust Trønderlende. Kva betre kan ein da ta seg til enn å knote inn eit blogginnlegg på mobilen? Om nokre timar er eg heime i den fagre Skjåkbygda. Om føret held og eg tør stole på kneet mitt håpar eg å få til ein topptur, men utsiktene er ikkje dei beste. Torsdag blir det vistnok congac og spekemat hjå onkel Per. Fredag pjalling med Andreas og Stian. Meir er ikkje planlagt. Skal i alle fall bli triveleg koma seg til ‘fjells’ og sjå slekta igjen. Men no er eg møkklei av å knota på telefon. LA8PV over og ut.